Du var ein kjernekar of eg vil alltid hugse deg. Takk for ditt venskap
Det var trist å høyre du er borte, Bjørn.
Me hadde mange felles minne som skulekameratar , og seinare frå di tid i Oslo.
Eg gløymer deg ikkje.
Kvil i fred.
Det var trist å høyre du er borte, Bjørn.
Me hadde mange felles minne som skulekameratar , og seinare frå di tid i Oslo.
Eg glømer deg ikkje.
Kvil i fred.
Det var ei trist melding som kom at Bjørn var gått bort så alt for tidleg. Minna får barne og ungdomsåra kom fram med kjekke stunder på skulen i Lifjorden og kort og helsingar i åra etterpå. Tenkjer no på nærmaste slekt og lyser fred over Bjørn sitt minne.
Helsing Oddvar J.H. Med familie.
Så trist og uverkeleg du er borte, gode Bjørn.!
Vi gjekk i same klasse i 12 år, og gjorde mykje saman. Du besøkte oss i Spania, i Sandnes i 2022 og vi prata på telefon seinast i romjula
Takk for langt vennskap, varme humor og tillit. Saknar deg.
«I huset tl Far min er det mange rom».
Guds fred over ditt minne!
Trist, hvil i fred Bjørn️ Kondolerer til dei nærmeste i familien️
Takk for alt du har tilført mitt liv.
Hvil i fred, Bjørn 🌹
Det var svært trist å lese at du er gått bort. Vi hadde eit godt vennskap gjennom mange år, heilt frå gymnastida på 70-talet og fram til no. Mange gode møte og telefonsamtalar, der vi snakka om fleire ulike tema, frå internasjonal storpolitikk til språklege og litterære spørsmål, og du hadde evne til å stille kritiske spørsmål til etablerte "sanningar". Du var ein ihuga nynorskmann, med ei uvanleg god evne til å formulere deg, både skriftleg og munnleg. Også i andre språk som engelsk og tysk, var du ein einar. Humor var og ein viktig del av kontakten, og du hadde ofte ein god og slåande kommentar på lur. Eg har lært mykje av deg gjennom åra, både reint fagleg og på det meir menneskelege plan!
Kvil i fred, Bjørn.
Det er så merkeleg at du ikkje e her lenger.Du vert veldig sakneleg for meg.
Me hadde langt på veg same humor du og eg.Takk for alle gode minner.
Eg unnar deg kvila.
Det var trist å høyre at du hadde forlatt oss, Bjørn. Minna er mange og levande; både frå studietida i Bergen og frå arbeidslivet i Oslo - mange gode diskusjonar og gjensidig læring rundt nordiske språk, utkropne norske dialektar og ymse aktuelle tema. Du hadde ein lun humor som fekk fram mang ein lått på «symposia» våre, og ein omtanke som m.a. ga seg uttrykk i utallege postkort frå dei mange reisemåla du tok dine kjære togturar til. Etter kvart gjekk det nedover med helsa, men hovudet var høgst oppegåande; også då vi hadde ein gjevande prat rett for nyttår. Du var ein bra mann, Bjørn - kvil i fred.
Ei siste helsing, kvil i fred.
Kjell Arne og Magnhild